Beskrivelse
Symre Naturell hudkrem er ei universalsalve for heile kroppen. Den heimelaga salva er mjukgjerande, næringsrik og inneheld berre tre ingrediensar -talg, tistelolje og bivoks. Dette gjer den særs god for dei som har sensitiv hud eller slit med allergiar og eksem.
Talg er svært næringsrik, og inneheld blant anna mange vitamin som er bra for huda. Feittsyrene trekker lett inn i huda di utan å tette porene. Kaldpressa tistelolje er godt eigna til alle hudtypar, også urein hud. Den kan også ha anti- inflamatoriske og antibakterielle eigenskapar. Bivoks bevarer fuktigheit i huda og beskyttar.
Salva har ein mild og naturleg aroma, og kan brukast av alle i alle aldre. Salva er perfekt som barnesalve, og kan gjerne brukast som kuldekrem.
Den håndlaga hudkremen blir produsert på ein gard på Voss av Symre hudpleie.
Bruksområde
- Heile kroppen
- Ansiktet ved tørr hud
- Kuldekrem
- Bleieutslett
- Ved eksem og hudproblem
Produktfordelar
- Mild og skånsom for huda
- Talg inneheld mange vitamin og feittsyrer gode til huda
- 100 % naturlege ingrediensar
- Dryg i bruk
- Allergivenleg
- Miljøvenleg
- Gjev ekstra fukt til tørr hud
- Kan brukast av alle – uansett alder
- Kortreist produkt frå norsk småskalaprodusent
- Nøytral krem utan sterk lukt
Ingrediensar
- Økologisk talg frå storfe
- Økologisk kaldpressa tistelolje
- Bivoks
Haldbarheit: minimum 6 mnd etter at krukka er opna, men som regel held salva seg veldig mykje lengre. Oppbevar i romtemperatur, ikkje i direkte solljos.
60 ml
Samira –
10/10.
En av de beste hudkremene jeg har prøvd.