Beskrivelse
Her får du kjøpt 3 populære fjellbitsåper laga av 100 % naturlege, allergivenlege og miljøvenlege ingrediensar.
Fjellbit SJAMPO -med nesle og ryllik. Ein mild sjampo som er pleiande til hovudbotnen og gjev mjukt og glansfullt hår. Kan også brukast til kroppen!
Fjellbit Fjellsåpe -med furunål og einer. Mild hand- og kroppssåpe du kan bruke kvar dag til hender og kropp.
Fjellbit TURSÅPE -eit lite såpestykke du kan bruke til alt på tur; klesvask, utstyrsvask, oppvask og handreins. Utan å frakte vatn!
Dei håndlaga såpene blir produsert i fjellbygda Skjåk, på heimgarden til Fjellbit-gründer Ragnhild. Alle urter er sanka på og rundt garden.
Bruksområde
- Sjampo
- Håndsåpe
- Kroppssåpe
- Flekkfjerning
- Klesvask
- Handreins
Produktfordelar
- Svært mild og skånsom for huda
- 100 % naturlege ingrediensar
- Allergivenleg
- Miljøvenleg
- Gjev ekstra fukt til tørr hud
- Nøytral såpe utan sterk lukt
- Kan brukast av alle – uansett alder
- Tursåpe
- Kortreist produkt frå norsk småskalaprodusent
- Dryg såpe som du har glede av lenge
- Få og naturlege ingrediensar
Ingrediensar
SJAMPO:
- Olivenolje
- Kokosolje
- Nesle
- Ryllik
- Salt
FJELLSÅPE:
- Olivenolje
- Kokosolje
- Rapsolje
- Furunål
- Einer
TURSÅPE:
- Kokosolje
Alle såper frå Fjellbit i Skjåk er håndlaga, og ingen såpestykker er 100 % like. Såpene inneheld ingen parfymer eller essensielle oljer, noko som gjer at såpestykka luktar kun naturleg såpe. Såpene passar difor godt for både ung og gamal, kvinner og menn.
Faste såper som dette treng å tørke mellom kvar gong dei er i bruk. Legg difor gjerne såpa luftig på ei god såpeskål, rist eller liknande etter bruk. Dette gjer at du har glede av den håndlaga såpa di i lang tid.
Vekt:
Sjampo og Fjellsåpe: ca 100 gram
Tursåpe: ca 40 g










OmtalerSkriv en omtale
Det er ingen omtaler ennå.