Fjellbit Heimulesåpe, heimelaga håndsåpe med høymole

Få reine hender og mjuk hud med Fjellbit si heimelaga håndsåpe med høymole – ei naturleg og allergivenleg såpe heilt utan kunstige tilsetjingsstoff.

Den heimelaga såpa er laga av naturlege ingrediensar i Skjåk av lokale fagfolk frå Skjåk med hjarte for naturlege produkt som gjer godt for kroppen.

kr145,00

PÅ LAGER - 1-2 DAGERS LEVERING

Kategorier: , ,

Beskrivelse

Fjellbit Heimulesåpe er ei naturleg, allergivenleg og miljøvenleg såpe med 100 % naturlege ingrediensar.

Heimulesåpa er mild, og kan nyttast som både håndsåpe og kroppssåpe.

«Heimule» er dialektnamnet på urten høymole. I tidlegare tider vart den brukt i folkemedisinen mot ulike hudplager. I Heimulesåpa er det brukt eit uttrekk av høymolerot, og dette gir ei fin svak lilla/rosafarge på såpene. Høymola blir rekna som eit ugras i gardsdrifta, og Fjellbit synes det er artig å kunne nytte slikt i såpene. Oljene i såpa gjev fukt og pleie til huda.

Den håndlaga Heimulesåpa blir produsert i fjellbygda i Skjåk, på heimgarden der Fjellbit-gründer Ragnhild kjem frå.

Bruksområde

  • Håndsåpe, men kan også nyttast som kroppssåpe

Produktfordelar

  • Mild og skånsom for huda
  • 100 % naturlege ingrediensar
  • Allergivenleg
  • Miljøvenleg
  • Gjev ekstra fukt til tørr hud
  • Kan brukast av alle – uansett alder
  • Kortreist produkt frå norsk småskalaprodusent
  • Dryg såpe som du har glede av lenge

Ingrediensar

  • Olivenolje
  • Kokosolje
  • Rapsolje
  • Høymolerot

Alle såper frå Fjellbit i Skjåk er håndlaga, og ingen såpestykker er 100 % like. Heimulesåpa inneheld ingen parfymer eller essensielle oljer, noko som gjer at såpestykka luktar kun naturleg såpe. Dei luktnøytrale såpene passar difor godt for både ung og gamal, kvinner og menn.

Faste såper som dette treng å tørke mellom kvar gong dei er i bruk. Legg difor gjerne såpa luftig på ei god såpeskål, rist eller liknande etter bruk. Dette gjer at du har glede av den håndlaga såpa di i lang tid.

Vekt: ca 100 gram

OmtalerSkriv en omtale

Det er ingen omtaler ennå.

Bli den første til å omtale “Fjellbit Heimulesåpe, heimelaga håndsåpe med høymole”

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *